|
|
| Teaterstykket Julestemning på Bjerkem | | |

Gammellavin Teaterlag på Bjerkem viser i 2008 for femte året på rad forestillinga Julestemning på Gammellavin på Øver-Bjerkem. Stykket, som er skrive av Bynesgutan har gått for fulle hus i Olavshallen i Trondheim i enno fleire år.
Jula 2004 vart det også ein suksess på Bjerkem! Trønderavisa skreiv: "Julestemning er ei varm og fin fortelling [...] En bedre ramme rundt denne typiske familieforestillinga enn den nyinnredede låven på Bjerkem gård kan ikke tenkes."
Etter suksessar og mye folk både i 2005, 2006 og 2007 speler vi i 2008 etter denne planen:
-
Torsdag 4. desember Generalprøve klokka 17.00
-
Laurdag 6. des Premiere klokka 17.00
-
Søndag 7. des Framsyning klokka 17.00
-
Tirsdag 9. des Framsyning for barnehagar klokka 11.00
-
Laurdag 13. des Framsyning klokka 17.00
-
Søndag 14. des Framsyning klokka 17.00
-
Laurdag 20. des Framsyning klokka 17.00
-
Søndag 21. des Framsyning klokka 17.00
-
5. juledag 29. des Framsyning klokka 14.00
Dei dagane vi spelar klokka 17.00 opnar vi ein time før for salg av graut og bollar!
Billettar kr. 150,- for vaksne og kr 100,- for barn. Bestill billettar |
|
| CD med Eli Rygg | | | CD-plata vår, "Julestemning med Eli Rygg", er produsert som eit hørespel i samarbeid med Eli Rygg fra Portveien 2. Eli er forteljar på CD-en. Her møter du også Nordpolnissen, Skogsnissen og Fjøsnissen, i tillegg til dei to ungane Tor og Helle. Med Eli Rygg som forteljar, set denne historia deg i god gammeldags julestemning, samtidig som du får høre mange nye og fine julesongar.
Pris pr. CD: Kr. 80.- + oppkrav
Kjøp CD-plata her. |
|
| Om Julestemning | | | Julestemning er ei sjarmerande juleforestilling som har gått for fulle hus i Olavshallen i Trondheim sidan premieren (i beskjedne kår) i 1990. Teaterstykket har sidan starten rukke å etablere seg som ein like naturleg del av juleførebuingane, som å henge opp kornband og å pynte juletreet for tusenvis av glade familiar.
Her ser vi Tor og Helle som er på tur opp på lavin for å leite etter julnissen. Finn dei han, tru? Kom og sjå...
Les meir om stykket |
|
|
|