Øver-Bjerkem
 

 Øver-Bjerkem ligg fritt til på ein morenerygg i Henning i Steinkjer kommune.

Sidan 1974 har Berit og Jakob Bjerkem vore drivarane her. Johan Einar og Torunn Bjerkem er den yngre generasjonen på gården.

På Øver-Bjerkem finn du også Nord-Trøndelag Folkedraktsaum på Bunadburet og firmaet Bjerkem Natur og Kultur på Gammel-lavin.

Namnegarden Bjerkem består i dag av tre bruk. To av gardane - Øver- og Ner-Bjerkem - har vore i same slekta i ca 400 år.

På det tredje bruket - Solheim - driv Kari Heistad rideleir.

Den gamle ferdselsvegen frå "Arilds tid" ligg fortsatt midt i tunet og passerer like forbi 2-3 gravhaugar- den eine like ved bruforten til lemmbrua. Dette viser at her har det vore drive økologisk landbruk i mellom eitt og to tusen år berre med to avbrot. Desse to avbrekka var da svartedauen la gården øde frå 1349 til 1520 og frå da kunstgjødsla kom ca 1930 og til 1997 da garden igjen vart økologisk.

Vi vil leve med naturen, ikkje berre av han.

No blir garden drive i samdrift med Einar Morten Ressem på bruket Flatås i Såsegga. Både Bjerkem og Flatås har melkkvote slik at ein til saman no kan levere 180.000 l økologisk melk til Kolvereid kvart år.

For å lese meir om samdrifta, trykk her.


 

Bjerkem 7718 Steinkjer Tlf: 92840553 Kontakt oss/Om oss

 Webdesign: Id-Partner ANS © bjerkem.com 5.7.2008