Bjerkem - Heim | Lokaler | Mat | Opplevingar | Gårdsovernatting | Bunadburet | KultLab | Bilder | Om oss | Referansar

Presentation in English


Presntation in English

Don't you understand Norwegian? Here is a presentation of the Culture Farm in English. Click here.  

We are sorry our web-page is in Norwegian only. 

We are working on it and hope to have an English version in October.

In the meantime you can read this presentation and contact us at e-mail if you want to know more. 

 

Berit Bjerkem: National Costumes

Torunn Hernes Bjerkem: Accommodation and cultural arrangements at the farm

Jakob Bjerkem: Organic farming

Johan Einar Bjerkem: Folkmusic- and -dancefestivals / storyteller with speciality of lokal fairy tales

 

We would love to hear from you!


 

 

Bunadburet - rekonstruert bunad frå Nord-Trøndelag

Bunadmagasinet

Draktskikken frå Nord-Trøndelag er rekonstruert og kan brukast som bunad i dag. I Bunadmagasinet nr1/2005 vart bunaden verkeleg godt presentert. Bladet er desverre utseld, men mange av artiklane ligg tilgjengeleg på nettet. Berre klikk på lenken over, så kjem du direkte til ein artikkel om bunaden frå Nord-Trøndelag.

Her er eit bilete frå dette bladet da Jakob Steinar og Astri Andrea var 5 og 8 år gamle. I magasinet Bunad finn du fantastisk vakre bilete tatt av ein utruleg flink fotograf.

Ta kontakt med BERIT BJERKEM (tel. 90950702) om du er interessert i å vite meir om den rekonstruerte bunaden frå Nord-Trøndelag. Du kan også kikke meir på våre nettsider ved å klikke vidare inn på BUNADBURET

 

 

 

Våryr


HestehovVi venter med spenning...

Blomstene og sola prøvar seg, men varmen har ikkje sett inn for fullt enno. April vart ein kaldare månad enn mars, men no er mai her... gatene blir gjort klare for bunadkledde og feststemte menneske! Hurra!

Rett før påske tenkte vi på å skifte til sommardekk. Da påska kom, fekk vi full vinter igjen med herlege solfylte dagar med snøkvite åkrar. Straks påska var slutt starta snøsmeltinga igjen. 

Ja, da, vi trur nok at om kort tid er åkrane klare for våronn og kyrne klar for beite. Vi skulle berre hatt litt meir varme! For oss som driv økologisk må vi reikne med å ligge omlag 14 dagar etter dei som driv konvensjonelt. Jorda treng litt meir tid i sola.

 

 

 

Innføring i Norsk Folkedans - universitetsstudium

Innføringskurs i norsk folkedans på Bjerkem

Dansestudiet på Bjerkem

NTNU Videre tilbyr eit kurs som gir praktisk og teoretisk innføring i norsk folkedans. Med utgangspunkt i læreplanen for grunnskolen blir det gitt ei kort innføring i tradisjonskunnskap om norsk folkedans, der fagterminologi er ein del av undervisinga. 

Det blir rein danseopplæring av relevante dansar der også danseteknikk vil bli gjennomgått. Metodikk i samband med undervising i dans blir gitt både i teori og praksis. Innføringa skal gi studentane bakgrunn for undervising i folkedans for barn og unge, og bakgrunn til sjølve å kunne lese og forstå dansenedteikningar.

"Jeg kunne nesten ingen ting om norsk folkedans. Nå kan jeg ganske mye! I tillegg har jeg fått en forståelse for historie – opphav, bakgrunn og hvordan dansene har vært brukt. Det at kurset holdes på Bjerkem gård er et stort pluss; Stemning, historisk sus, eventyrfortelling, veldig kompetente folk, med livslang erfaring i alle sider ved norsk tradisjon.: bunader/folkedrakter, sang, fortellerkunst, musikk, bygninger og mattradisjoner."

Student 2012Dansestudiet på Bjerkem I

 

"Innføring i Norsk folkedans er et meget relevant og spennende studie for alle som interesserer seg for og ønsker å jobbe med kultur og kulturformidling."

Student 2012

Meir informasjon

Eksamen nærmar seg for årets studentar.Eksamen er sett frå 9. - 11. mai, ein heimeeksamen der du helst må få sitje i fred. 

 

Tid for studiesamlingane for 2013 er bestemt. 

1. samling 15,-18. januar 2013

2. samling 12.-15. mars 2013

Kompetanse: 15 studiepoeng

Kursavgift: kr. 5000,- 

Søknadsfrist: 15. nov. 2012

 

Du må sjølv ordne overnatting når du deltek på kurs, se http://www.visitinnherred.com/ for oversikt over overnattingsalternativ i Steinkjer. Ta gjerne kontakt med oss på Bjerkem på 97 56 26 67 om du ønsker enkel overnatting på gården.

For meir infomasjon og søknad sjå nettsida til kurset: http://videre.ntnu.no/link/nv12250

NTNU VIDERE, 7491 Trondheim, Telefon: 73596643, Kontakt NTNU-Videre.

 

Bunadkurs

kursbilde


Kurs i sying av rekonstruert bunad frå Nord-Trøndelag nærmer seg slutten for denne gang. Om du har konfirmant, skal bli ny til bryllup eller at du rett og slett har ønska deg bunad så lenge at det no er på tide... , ja da tar du kontakt med oss på Bjerkem. 
 
Opplysningar: BERIT BJERKEM på telefon 909 50 702
 
Du kan lese meir her
 

 

 

 

Overnatting og mat

 

På Bjerkem kan du overnatte med sjølvhushold i den gamle trønderlåna frå 1831 - eller du kan kome hit som gruppe og bestille økologisk kortreist mat.

Barn i buskene

Vi gir gjerne kokken vår fritt spillerom når det gjeld å sette saman menyar tilpassa årstida og begivenheita. Det gir alltid eit suverent resultat!

Mange vel å komme hit til gården for å feire bryllup, konfirmasjonar, minnesamvær eller dåp.Ta gjerne kontakt med Torunn om de ønsker å leige lokaler på Bjerkem eller om de ønsker bistand til arrangementet i form av matservering, pynting og anna. 

Grupper som kjem og held eigne interne kurs eller seminar her, eller leiger oss inn som kursholdarar. Velkommen til å trykke deg rundt på heimesidene våre for å sjå meir om oss!

 

 

Bunaden som historieforteller

NRK Berit Bjerkem - Bunaden forteller

I over 20 år har Berit Bjerkem i Henning i Nord-Trøndelag arbeidet med bunad og bunadskultur og historie knyttet til dette.

Søndag 9. mai delte hun historier med oss i Sølvsuper i NRK P1. Gikk du glipp av programmet, kan du likevel få høre det om du laster ned programmet fra NRK

- eller du vil kanskje lese artikkelen.

 

 

 

 

Midtpunktet økosertifiserar seg!

Norges Midtpunkt

 

 

Kulturgården Bjerkem er ei av sju bedriftar i Norges Midtpunkt. Saman med Mokk gård, Hatlingsetra, Yttervik, Steinkjer Kommuneskoger, Føllingstua Camping og Nordheim er vi no i gang med å økosertifisere oss. Ei omfattande men veldig meiningsfylt prosess. Så om kort tid håpar vi å vere ein del av Norsk Økoturisme!

 

 

 

 

Norsk Økoturisme

 

Det blir sommarutstilling på Bjerkem til sommaren!

 

På Bunadburet:

Mote, impuls og tradisjon på 1700-talet har blitt til rekonstruerte bunader i Nord-Trøndelag i dag.

Mote, Impuls og tradisjonBerit Bjerkem har produksjon og salg av bunader frå Nord-Trøndelag på Bunadburet på Øver-Bjerkem, Henning i Steinkjer. Bunadene er rekonstruerte etter kleskikken i Nord-Trøndelag i perioden ca 1750 til ca 1840.

Årets sommarutstilling på Bunadburet vil vise ein del av  bakgrunnsmateriale for rekonstruksjonsarbeidet f.eks bilder av gamle kleplagg, draktakvarellar og skriflege kjelder. I tillegg vil det sjølvsagt vera utstilling av nysydde bunader.

 

På Gammellavin:

Tre søstre  -  Samvirke

Årets sommarutstilling på Gammellavin er ei kunst -og handverkutstilling ved søstrene Gerd, Kari og Unni Tinglum. Dei vaks opp i 2. etg.på Henning samvirkelag på 1950 -60 tallet, der handarbeid og kreativitet var ein viktig del av kvardagen. Alle er dei skapande innanfor maleri og tekstil, og dette blir ei salgsutstilling

 

Utstillingane er åpne frå 15.juni – 15.august, måndag  - fredag

kl 13.00 – 16.00 eller etter avtale i telf 909 50 702  eller e-post: berit@bjerkem.com